IDSALStiftelsen M/K IDSAL

Restaurering av IDSAL

Engelskkutteren IDSAL, ex CHRISTINE, er no sett i stand ved Hardanger Fartøyvernsenter. Arbeidet tok til i 1999 og fartøyet fekk sjø under kjølen att sommaren 2001. Styrehuset kom på våren 2002. IDSAL får behalda sin identitet som rute- og fraktefartøy på Ryfylkefjordane, slik ho har sett ut sidan 1952. Istandsettinga av dette klinkbygde fartøyet på 61 fot har vore ei utfordrande og spennande jobb for fartøyvernsenteret.

Det vart bestemt at fartøyet skulle vernast som rute- og fraktefartøy med 1952-1982 som referanseperiode. Fartøyet var i dårleg stand over vasslina, og i tilsynelatande god stand under. Eit av måla med istandsettinga har vore å ta vare på mest mogleg originalmateriale. Dette har vore ei utfordrande oppgåve, mellom anna fordi eit så gammalt klinkbygd eikeskrog er svært utsett for uttørking. Dei viktigaste tiltaka som er gjort for å dempe sprekking har vore smørjing med linolje og vatning med sjøvatn.


Skifting av spant i forskipet. Foto: HFS.


For at ikkje dei gamle eikematerialane skulle sprekke for mykje måtte skroget vatnast. Foto: HFS.


Ny slingrekjøl kjem på plass. Foto:HFS.

 


Arbeid med tilpassing av motorfundamentet. Foto: HFS.


Klar til sjøsetjing våren 2001. Foto: HFS.