IDSALStiftelsen M/K IDSAL

Om IDSAL

Hovuddata

Byggestad: Fellows & Co. Ltd., Great Yarmouth, England. Byggeår: 1874.
Kontrahert av: John Henry & John Frederick Fellows. (32 andeler hver)
Lengde: 61' (54,6').
Breidde: 16,7'.
Djupgang: 6,8'.
Tonnasje: 34, 22 brt.
Byggemateriale: Eik hud og spant, klinkbygd.
Hovudmaskin: 1916-1937: 30 hk Avance. 1937- 45 hk Rapp semidiesel.
Kallesignal: LGKH.
Tidlegare namn: Christine, MRBG.
Tidlegare fiskerimerke YH595.
Siste år som fiskefartøy: 1915.
Offisielt skipsnummer i England: 67457
Slettet fra Engelske registre: 31. Mai 1894
Siste år som rute/fraktefartøy: 1982


Christine

CHRISTINE vart bygd i Great Yarmouth, England i 1874. Det er truleg at fartøyet anten vart bygd som ein "sailing drifter", altså eit fartøy for drivgarnsfiske, eller ein "converter", som vart brukt både til drivgarnsfiske og tråling. Ein av forskjellane på fartøya som vart bygd for drivgarnsfiske og tråling var at dei førstnemnde hadde luggerrigg. Det tyder ein rigg som ein kunne senke ned under fisket. Det er uklart om CHRISTINE har hatt slik rigg, mellom anna sidan det er spor etter mast i kjølsvinet. Dersom det har vore ein "converter" har fartøyet truleg vore ketchrigga. Det eine av dei tre mastespora stemmer med ein ketchrigg.

I 1890 vart CHRISTINE kjøpt av Bent Olsen Munkejord i Vedavåg på Karmøy. Dei første kom i 1889, så CHRISTINE var mellom dei første av omlag 450 "engelskmenn" som vart seld til Norge då dei engelske nordsjøfiskarane la om til maskindrivne fiskebåtar. I perioden 1890-1915 høyrde fartøyet heime på Karmøy, og hadde truleg tre ulike eigarar.

I 1903 var CHRISTINE med på torske- og sildefiske på Island. Nokre av kuttrane frå Karmøy hadde året før hatt med seg sildegarn som dei dreiv etter sild med ved Nord-Island. Sidan 1867 hadde nordmenn drive sildefiske på Island; frå 1880 med landnot. Men drivgarnsfiske etter sild var nytt. Bortsett frå at CHRISTINE var på Island i 1903, er det lite dokumentert kva drift fartøyet vart nytta til dei første 25 åra i Norge, og om det vart gjort nokre tilpassingar til anna drift enn den opphavlege.

Frakt

Grunna Den Første Verdskrigen gav dei siste eigarane på Karmøy opp fiskeria med CHRISTINE. I 1915 vart så fartøyet seld til Peder og Thore Idsal på Idsal ved Stavanger. Thore dreiv slipp medan Peder var skipper. Dei monterte ein 30 hk Avance, rigga ned seglriggen og sette styrehus på. Dei nytta fartøyet til frakt av sild og fisk nordpå. I eit brev frå 1916, frå Thore til Peder, går det fram at dei vurderer og selje Christine og kjøpe eit anna fartøy frå Sverige og sette motor i det. "Jeg kan ikke komme bort fra at Kristine er et i mang henseende meget godt skib og skikket for lit av hvert. Især tror jeg den vilde være heldig at seile med fersk sild, da den har saa stort og rummelig dæk." Det går fram av brevet at dei håpar å få 35.000 kroner for fartøyet.

I 1917 vart fartøyet seld vidare til Stavanger Electro-Staalverk AS, og døypt om til IDSAL. Kjøpesummen var 31.000, altså litt mindre enn det Thore Idsal håpte å få. Stålverket nytta fartøyet til føring av stål mellom Stavanger og Jørpeland. I 1922 fekk fartøyet ny kravellhud frå vasslina og opp (7 omfar). I 1937 vart noverande maskin montert, ein 45 hk Rapp. Samstundes vart noverande ruff og styrehus bygd.

Rutebåt

I 1949 selde Stålverket fartøyet til Ole P. Tungeland. I perioden 1951 til 1970 gjekk IDSAL som rutebåt på ruta Sandnes-Dale-Stavanger. Det første året leigde Tungeland fartøyet ut til ruteselskapet Oskar II A/S, som deretter kjøpte IDSAL i 1953.

Frå 1952 var Thorvald Idsøe skipper om bord på IDSAL. Han kjøpte seg inn i Oscar II, og gikk som skipper fram til 1970, då ruta vart lagt ned. Den mest kuriøse lasta Thorvald hadde på denne ruta var vel sju brukte engelsk traktorar. Den tyngste lasta var 53 tonn stål. IDSAL har frakta mykje stål til sykkelfabrikken i Sandnes (Øglænd) og til fabrikkane på Jæren. Og ikkje minst ferdige syklar tilbake til Stavanger.

Tidleg på 1950-talet laga Thorvald dørk i lasterommet slik at det skulle vera mulig å sette ned bretter (pallar). Tidlegare vart mursteinen stabla pent i rommet, men no vart han berre tippa frå kaia. Det tykte ikkje Thorvald noko om, og kravde at steinen skulle leggjast på bretter. Dette var ei ukjend innretning for teglverket, og Thorvald måtte sjølve lage brettene, kor han spleisa inn vaierstroppar. Då fekk han 300 murstein på kvar brette, og lastinga vart mykje meir skånsam, både for båt og last.

Thorvald Idsøe kjøpte fartøyet i 1970 og dreiv med fraktfart i Rogaland fram til 1982. I denne siste fasen gjekk han mellom anna med bygningsmaterial. I mange år hadde dessutan Thorvald oppdrag med å ta med arbeidarar frå Tjøssheimfabrikken på ein årleg fisketur, med god mat og mykje moro. Det er vel ikkje usannsynleg at ein slik tradisjon kan takast opp igjen med nye brukargrupper etter at fartøyet er ferdig istandsett. Thorvald Idsøe har aldri hatt uhell med IDSAL. "Jeg har hatt fartøy siden jeg var atten år, og jeg har ennå ikke fått to øre av assuranse," kan Thorvald fortelle. Men ein gang var det nære på. Han hadde last med seg nordover, og skulle ha med skjelsand sørover igjen. Det var nordvest kuling, og i det han hadde passert Ryvarden stoppa motoren. Det viste seg at det var rust på den nye dieseltanken som tetta. Thorvald fekk staka opp med ein ståltråd, og berga seg så vidt unna land.

Reparasjonar

I Thorvald Idsøe si tid har IDSAL vore gjennom éin stor reparasjon. Det var i 1955. Arbeidet vart utført av båtbyggjar Sigurd Sagen. Sagen hadde vore med og bygd seglskuter i Vindafjorden, og dreiv sidan sin eigen verksemd. Alt arbeidet kosta 5000 kroner. Dette vart gjort:

· Mesteparten av dekket vart lagt nytt.
· Alle stikkbjelkar vart lagt nye. Tidlegare eigarar hadde ført stål på dekk og teke lite omsyn til båten. Dei nye stikkbjelkane vart laga av eik. Dette er material som har vore brukt tidlegare, og som Thorvald Idsøe trur har vore kjøpt frå Brødrene Anda Skipsopphogging i Stavanger.
· Sett i vertikale stålkne på nokre av bjelkane.
· Nokre rekkestøtter vart skifta. Desse var i same material som stikkbjelkane.
· Masta og vinsjen vart flytta fram.
· Ny, lengre luke.

Før dette vart IDSAL bygd om med kravellhud over vasslina i 1922. Då vart det ikkje skifta noko anna, noko som heller ikkje skulle vore naudsynt i følgje Thorvald Idsøe . Dette arbeidet vart utført av Furenes på Sandnes. Styrehuset og motoren er frå 1937. Styrehuset frå 1915 var noko mindre enn det noverande. I 1953 var vinsjen ny. Då vart det og bygd ny mast.

Materialane i skroget er såleis dei opphavlege, bortsett frå dei øvste plankane. Dessutan er det ein del opphavleg material i dekk og rekker. Det årlege vedlikehaldet har vore to slippsetjingar, smøring med Black Varnish på skroget utvendes og med linolje og terpentin på dekk og rekker.